// Historie og samfunn // Fiskedampskip

Handlekurv

 
Fiskedampskip av
Johan Ottesen
Forfatter:
Johan Ottesen
Forlag:
Fotoarkivet
Format:
Innbundet
Språk:
Norsk
Utgitt:
2003
Pris: 298,-

Beskrivelse av boken
I denne boka følgjer vi historia til 40 fiskedampskip fram mot våre dagar. Dei fleste av desse vart bygde under første verdskrigen. Då var det eventyrlege prisar på fiskeprodukt, og nye båtar vart bestilte på rekkje og rad.

Straks krigen var over, fall marknaden saman. Det vart bråstopp i bygginga av nye havfiskebåtar. Dampskip som hadde vore kjøpte til jobbetidsprisar få år før, hamna no på tvangsauksjonar og vart selde for ein slikk og ingenting. I desse vanskelege åra først på 1920-talet vart mange av dei norske fiskedampskipa selde til utlandet – særleg til Island.

På slutten av 1920-åra betra tidene seg. Båtane vart ombygde og gjorde større. Etter andre verdskrigen vart dampmaskinene på dei aller fleste dampskipa skifta ut med motor. Men ut på 1960-talet hadde dei fleste gjort si plikt og vart erstatta av meir moderne havfiskefarty.